Kari-Anne Nilsen har satsa alt på eit liv på gyngande grunn. Ho flytta frå ein trong fjord på Sunnmøre, ut til havgapet sør i Lofoten. Der sauene er øyhopparar og båt viktigare enn fjøs. No får sauene selskap. Dyrelivet skal utvidast og med det kjem nye utfordringar. For livet blir aldri kjedeleg på Røst.